05/05/2023 – 21/05/2023 – Veslemøy Flotve – “VerkTøy”

Salongen inviterer til utstillingen “VerkTøy” av Veslemøy Flotve.

UTSTILLINGSÅPNING 
Fredag 5.mai kl 18-21

Introduserer SoftGrip. Ein serie nye verktøy for deg som ynskjer å byggja med omsorg og komfort. Bytt til SoftGrip og opplev gleda av å byggja på ein meir behageleg måte.

Me forstår at snekkerarbeid kan vera ein stressande og utfordrande aktivitet, så kvifor ikkje gjera det litt meir behageleg med vår serie mjuke og trøystande verktøy?

Våre fargerike verktøy er fylt med innovativ mjuk teknologi, slik at du kan gi prosjekta dine den omsorga dei treng.

Me hos SoftGrip meiner byggjing skal vera ei koseleg oppleving. Difor inneheld alle våre verktøy lavendel-olje, slik at du kan nyte ein behageleg og avslappande aroma mens du arbeidar. Verktøy frå SoftGrip er laga med kjærleik til skaping. Med våre verktøy kan også du verta ein meir omtenksam snekkar.SoftGrip, for fagfolk som bryr seg.

 __


Veslemøy Flotve er ein billedkunstnar basert i Stavanger. Ho har tidlegare gått på Kunstskolen i Rogaland og har sin utdanning frå Kunstakademiet i Bergen.

I dette prosjektet har Flotve utforska skjæringspunka mellom tradisjonelle kjønnsroller og handverk. Med hjelp av strikka teknikkar har ho laga ei rekkje verktøy typisk for snekkerfaget. 

Flotve har sett på spelet mellom form og funksjon for å stilla spørjemål kring dei tradisjonelle rollene og kjønnsforventningane knytta til verktøya.

__

Åpningstider:
Lørdager/søndager 12-16
Utstillingen står frem til 21.mai